Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

GRENDAUTVALET I VIKEBYGD

Sida er sist endra 17. febr. 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Følg på Twitter i 2013 - klikk her

Grendautvalet organiserer dugnad
Ei opnare og lysare bygd

av Steinar Skartland 17.2.13 / foto: Bergfrid Kolltveit

Skog gror fort i Vikebygd.  Grendautvalet har teke initiativ til å hogge skog og kratt for å opna opp bygda.  Denne gongen er det langs gangstien frå Liofeltet og opp til skulen innsatsen er gjort.

Yngve Kolltveit var ein av dei som tok på hjelm og arbeidshanskar for å bli med på skogrydding.

Lauritz Bjørnevik, leiar i Grendautvalet for VikebygdLaurdag 16. februar var andre dagen Grendautvalet hadde invitert til dugnad på gangvegen frå den tidlegare brannstasjonen og opp til skulen.  - Første laurdagen var vi berre tre, men denne dagen møtte 6-7 opp til dugnaden, fortel Lauritz Bjørnevik.  Han er leiar i grendautvalet og ansvar for å leia arbeidet.  - Vi skreiv brev til kommunen og fekk lov å hogga ned denne skogen som ligg på kommunal eigedom, seier han og viser til at dei var fleire som deltok med profesjonelt skogsarbeidarutstyr.  - Når vi skal halda på med motorsag og fella store tre er det viktig at utstyret er i orden.  Men dei store trea nedst må vi ha profesjonelle med større utstyr til å ta seg av.  Grendautvalet tek ikkje sjangsen på å la det stå nokre einslege tre igjen.
- Då risikerer vi at dei fer i neste storm, seier Lauritz.

Dei som deltek i dugnaden får lov å ta trea til ved.  På den måten får dei også rydda opp skikkeleg.  - Her er mykje villnis i skogen rundt omkring, men det er vanskeleg å få folk med på dugnad om dei ikkje får noko att for tida dei brukar.

Grendautvalet oppfordra også til at andre i bygda høgg ned skog og kratt langs vegen og der folk ferdast.  M.a. vart det peikas på at ein burde hogga reint området der dei nye tomtene ligg, då blir kanskje interessa større for tomtene òg. 

Også langs området langs Vikeelva vart peika på som ein stad der det er trong for å opna opp då det sist vart halde ope møte.  Men til nå har ikkje Grendautvalet registrert særleg respons på det. 

Likevel er det nok områder i bygda der det er hogge på privat initiativ, både på Veastad og i Kvamme.  Dette er positivt for korleis dei som reiser gjennom bygda opplever staden.
Felling av tre på dugnaden.  Innlånt traktor og fliskuttar frå Kjetil Skartland tok seg av kvistene.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.

 

LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
Vêrvarsling

Frå tidlegare

Dugnad opnar opp bygda
Ungd.Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org