Vikebygd - klkk her for å gå til framsida
Næringsliv   -    Landhandel     -      Skule og Barnehage      -      Kyrkja    -      V.I.L     -      Orientering     -     Speidarane     -     Laurdagsklubben -     Kyrkjebladet Hyrdingen

 

Felles sokneprest for Vikebygd, Skjold og Vats

Sida er sist endra 3. mars 2013

VISIT VIKEBYGD
VINDETREET sogeskrift
Alne Villsau - Vikebygd
Vikebygd Vassverk
Vikebygd Kyrkje
Vindafjord kommune
Vik skule og barnehage
Bjordal Kurs og Fritid
Plassabakeriet
Bente T. Barane's Herbalife
Bjoanett
Info. frå Regjering
og departementet
Bygda Vikebygd
Bedriftene i bygda
Frøken Vims
Fotoalbum
Lions Club Vikebygd - Skjold
KFUK-M Speidarane
Vikebygd Idrettslag
Orienteringsgruppa
Kvamsåsen Rundt løpet
Vikebygd I.L Fotball

Følg på Twitter i 2013 - klikk her


Ny felles sokneprest i Vikebygd, Skjold og Vats
Jon Ådnøy vert innsett i tenesta 3. mars i Vats kyrkje  

av Steinar Skartland 3.3.2013



Medliturg og soknerådsleiar i Vats, Arild Urdal,  las opp tilsetjingsbrevet for sokneprest Jon Ådnøy i gudstenesta der prost Norodd Stavenjord sto for innsetjinga.  Nå er han offisielt sokneprest for Vikebygd, Skjold og Vats.  Etter mange år der Vikebygd har vore ein del av Ølen prestegjeld, har bygda nå fått prestekontoret i Skjold, berre 13 km frå sentrum av Vikevik.  Det var mykje folk på gudstenesta der også ein del frå Vikebygd var å sjå i benkene.

Vikebygd sokneråd har jobba aktivt for å få flytta over til Skjold, sa Britt Nelly Ness Tveit, soknerådsleiar i Vikebygd, i si helsing til Jon Ådnøy.  Etter at konfirmantane og ungdoms-skulen har vore i Skjold, var dette naturleg for bygda.  -Når det nå skulle tilsetjast ny sokneprest i Skjold og Vats nytta vi høvet til å be om at dette måtte bli felles også for Vikebygd.  -Vikebygd er ein folkekyrkje-menighet, og vi gler oss til samarbeid, sa ho.
 

 


Ny sokneprest i Vikebygd, Skjold og Vats
Jon Ådnøy tilsett i prestestillinga  

av Steinar Skartland 8.2.2013


I den offentlege søkjarlista til stillinga som ny sokneprest med Skjold, Vats og Vikebygd sokn som særskilt arbeidsområde var det tre søkjarar. Jon Ådnøy (61) frå Haugesund (er fungerande sokneprest i Vats og Skjold i dag), vart det som nå er tilsett i stillinga. 

Då Ådnøy alt vikarierer i stillinga vil han kunna gå inn som fast tilsett nokså raskt, men det vil ta litt tid å omorganisere sokna slik at Vikebygd blir saman med Skjold og Vats om same prest. 

Dei andre søkjarane var Stein Ove Skadal (56) som er kapellan i Salhus ved Bergen, og lektor Kjersti Eide Torstrup (50) frå Stavanger.  Les meir her

Jon Ådnøy bur i Haugesund har kontortid i Skjold kyrkje tysdagar kl. 9 – 15:00. Elles er han å treffa på mobiltelefon 932 45 645.  I tillegg til ein del år son journalist i NrK og Haugesunds Avis, har Ådnøy bak seg teneste som sokneprest i Florø (10 år), Torvastad og Utsira (9 år) og eit år på Jelsa. Han kjem nå frå teneste som sjømannsprest i byen Alanya i Tyrkia, der han har vore i tre år.

Ådnøy fortel at han og kona har tre barn og fire barnebarn som alle bur i Rogaland. Han gler seg til å ta fatt på tenesta i Vindafjord.    -Erfaringa som sjømannsprest er god ballast i møte med nye menneske og liturgiar. Eg er open for nye ting, seier Ådnøy.

 


Ny, felles sokneprest i Vikebygd, Skjold og Vats
Tre søkjarar til den ledige prestestillinga

av Steinar Skartland 5.1.2013

I flg. lokalavisa Grannar (link) er det tre søkjar i den offentlege søkjarlista til stillinga som sokneprest som skal ha Skjold, Vats og Vikebygd sokn som særskilt arbeidsområde. Desse er: Jon Ådnøy (61) frå Haugesund (han er fungerande sokneprest i Vats og Skjold i dag), Stein Ove Skadal (56) som er kapellan i Salhus ved Bergen, og lektor Kjersti Eide Torstrup (50) frå Stavanger.

Felles sokneprest for kyrkjene
i Vikebygd, Vats og Skjold.

Stavanger bispedømme har hatt stilling utlyst som sokneprest i 100% stilling med særskilt teneste i Skjold, Vats og Vikebygd sokn.  Frå og med 1. januar går desse sokna over til det nye Haugaland prosti.

Tilsetjing som sokneprest vil også medføre at Vikebygd ikkje lengre har felles sokneprest med Ølen og Bjoa.  Søknadsfristen var 27.12.2012. Det er difor ikkje avgjort kven som får stillinga.  (Utlysing og info)
 


Kyrkjeleg omorganisering
av Steinar Skartland 8.2.2013

Eit utval med representantar frå alle sokneråda skal dette året jobba fram eit framlegg om strukturendringar mellom sokna.  Skal det framleis vera eit sokneråd ved kvar kyrkje, eller skal det vera felles sokneråd for fleire kyrkjer?  Dette spørsmålet skal i første omgang utgreiast lokalt før det vert teke stilling i saka om framtidig organisering og inndeling i sokn i Vindafjord. 

I 2013 var Vikebygd kyrkje ei av dei mest besøkte og med eit gjennomsnitt på 80 på alle gudstenester i året.

Les meir her

 


Frå utlysingsteksten av ny sokneprest for
Vikebygd, Vats og Skjold:

(Søknadsfrist utgått 27.12.12)

Frå og med 1. januar går Skjold, Vats og Vikebygd sokn over til det nye Haugaland prosti.

Skjold, Vats og Vikebygd sokn høyrer til Vindafjord kommune, som ligg nordvest i Rogaland. Kommunen er vidstrakt med vakker og variert natur og gode tilhøve for friluftsliv i fjell og ved fjord. Det er eit rikt kultur- og organisasjonsliv i bygdene, med mange friviljuge og stor dugnadsånd.

I Skjold sokn er det 1389 innbyggjarar. Kyrkja er ei moderne og vakker arbeidskyrkje frå 1999. Vats sokn har 1279 innbyggjarar; kyrkja er frå 1855. Soknehus er under planlegging like ved kyrkja. «Naturlig mengihetsutvikling» (NaMu) er ein viktig reiskap i soknet. Vikebygd sokn har 562 innbyggjarar. Den særprega kyrkja har hadde 75-årsjubileum i år.

I Skjold og Vats er det forordna gudstenester annakvar sundag, medan det er gudsteneste i Vikebygd ein av fire sundagar. Dei tre sokna inngår i Vindafjord samarbeidsområde, som omfattar dei fem andre sokna i kommunen. Elles i samarbeidsområdet er det 3 sokneprestar, som deler på tenesteveker etter turnus. Prestane har fyrst og fremst fokus på eige særskilte arbeidsområde, men hjelper til elles i kommunen etter behov, til dømes ved ferie og frihelger. Ut frå gudstenesteforordninga er det naudsynt å henta inn prestar ut over dei tre sokneprestane ved nokre høve, og prostiet har ressursar til dette.

Soknepresten har kontor i Skjold kyrkje ilag med kontorsekretær og kyrkjeverje. 1 gong pr månad er det felles stabsmøte i kommunen. Utanom prestane er det kyrkjeverje i 100% stilling; organistar i 1,7 stilling; kateket i 70% stilling og kontorsekretær i 73% stilling. Det er nyleg utlyst stilling som kyrkjelydspedagog i 50%, relatert til trusopplæring. Sandeid fengsel blir betjent av prosti/fengselsprest frå naboprostiet Ryfylke.

Kyrkjelydane i Skjold, Vats og Vikebygd prioriterer styrking av gudstenestelivet, og involvering av friviljuge i gudstenester og kyrkjelydsarbeid. Gudstenestereforma er kome langt, med utprøving av ulike gudstenesteformer. Generasjonsgudstenester (G-17) har vore felles for Skjold og Vats i 5 år; der også kyrkjelyden i Vikebygd har teke del. G-17 samlar fleire generasjonar. Ved involvering av born, unge og vaksne har G-17 ført til stort engasjement og godt frammøte, særleg av småbarnsfamiliar. Det er ønskeleg at nytilsett prest vidarefører gudstenestearbeidet og G 17. Sokna har eit rikt musikkliv. Både korps, kor, band, songarar og andre musikalske krefter deltek på gudstenestene. I Vats er det nyrestaurert orgel; Skjold fekk nytt orgel i 2011, og Vikebygd kyrkje har eit svært godt kyrkjeorgel.

Satsingsområde for kyrkjelydane er trusopplæring for born og unge i samarbeid med barne- og ungdomsarbeidet til organisasjonane. Soknepresten er ein sentral medarbeidar i gjennomføring av trusopplæringa i kyrkjelydane, og ein viktig pådrivar i tverrfagleg samarbeid knytt til gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging. Soknepresten har særleg ansvar for konfirmantarbeidet. Konfirmantweekend og «Lys våken» for 5. klassingane er høgt prioritert.

Barnehagedekninga er god. Det er barneskule i alle dei tre bygdene. Vats, Skjold og Vikebygd har felles ungdomsskule i Skjold. I Ølen er det vidaregåande skule. Til Haugesund er det ca 30 km.

  


Jon Ådnøy vikarierande sokneprest i Skjold og Vats


Sokneprest (vikar) Jon Ådnøy saman med pensjonert prest Trygve Sandvik på kyrkjetrappa i Vats.
 


Link til FOTOALBUM

Fleire reportasjar frå Vikebygd 2012 ser du her.


LES / SKRIV i GJESTEBOKA
Vikebygd.org som startside
Soknerådet og kyrkja
FOTOALBUM frå Vikebygd

ORD FOR DAGEN
VÊRVATSLING

Frå tidlegare

Tilsetjingsgudsteneste
Speidarfesten
Endringar i kyrkja
Dugnad opnar opp bygda
Vinter og snø i Vikebygd
Jon Ådnøy vert sokneprest
Ungd. Kulturmønstring
Brende opp jula
Vinter med is og uvêr
Nytt prosti - ny prest
Nyttårs feiring
Jul i bygda
Advent og vinter
Tenning av julegrana
Julemesse/Årets Vikebu
Globalkafeen
Hardhausen
Open Heart Ukraina
TV-Innsamlingsaksjon
Ope møte/val på Grendautval
Grendautval framlegg, tiltak
Ny grunnordning i kyrkja
Kyrkjekonserten
Kvinneforeining
Sprell levande
Kyrkjejubileum
Fv 734 Vikebygd-Isvik
Aktivitetsdagen med idrett
Vikestølsmarsjen 2.9.12
Tur til Trodlafjellet
Hagl og snø i slutten av juli
Galleri Vik med ny utstilling
Vikebygdfestivalen
Fjelltur
Vikestølsmøtet 8.juli
KFUK-M Krinsleir i Vats
St. Hans feiringa
Bygdamøte 22.6.12
Galleri Vik stiller ut
 
Frå ÅRET 2012
 

Vikebygd i Media

NYHENDE FRÅ VIKEBYGD
NYHENDE FRÅ VINDAFJORD
NYHENDE FRÅ GRANNAR
NYHENDE FRÅ Hgsd Avis 
NYHENDE minutt for minutt 

Kyrkjeinfo

ORD FOR DAGEN  
Gudstenestelista 
Kyrkja treng vedlikehald
Soknerådet informerer
800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Tripp Trapp på bedehuset 
Det 111. Vikestølsmøtet 2011 
Boka om Vikestølen på nett. 

Kultur - Historie

Plassabakeriet i Vikevik
Bygdeturisme og gardsmat

800 år med kyrkjer i Vikebygd 
Historiske kjelder

Fotoalbum frå Vikebygd

VINDETREET sogeskrift
Lokale Bedrifter
Skartland Trevirke  
Joker Fitness Club - Trening  
Jakob Rødde - Gamlatunet
Gangstø Transport
Ålreit Ålfjordsenteret
Dommersnes & Larsen
Plassabakeriet
Vikebygd Landhandel AS
Bjordal kurs og fritid
Kvamme Sag
Alne Villsau
Ølen Trevare
Vikebygd Vassverk
Bente T. Barane's Herbalife
BEDRIFTENE I BYGDA
Reg. føretak  i Vikebygd

   Det skjedde i åra: 
2006
2007
2008
2009
2010
2011

2012

Informasjon om Vikebygd. Bygda som ligg
ved Ålfjorden i Vindafjord Kommune i Nord-Rogaland.
 
--------------------
Har du ynskje om å få lagd link herfrå til gode Vikebygd sider,
så send ei melding om dette til Steinar Skartland, eller 
Tilbakemeldingar om websida HER.

Minner frå åra:
2006

2007
2008
2009 
2010
2011
2012

kvamsen.vikebygd.org
kyrkja.vikebygd.org
speidaren.vikebygd.org
skartland.vikebygd.org  


Ein ikkje-kommersiell, idealistisk nettstad for Vikebygd.
  Formålet med denne nettstaden er å gje oppdatert informasjon  om kva som skjer i Vikebygd.  Dersom lokale grupper ynskjer å få leggja ut informasjon om sitt lag eller foreining så ta kontakt
med eigar av domenet 'vikebygd.org': Steinar Skartland.


Web-Ansvarleg:  Steinar Skartland 
5568  VIKEBYGD. 

Tlf 53769128 -Mobil 908 73 170
steinar.skartland@vikebygd.org